— Mange ringjer oss, og gjev uttrykk for at dei er misnøgde med fastlegeordninga. Dei synest heile greia er ein vits, når dei faktisk ikkje har ein fast lege å forholda seg til, seier leiar for Fastlegekontoret i Sogn og Fjordane, Åshild Følid, til BT.

Halvparten av alle kommunane i fylket har ledige legestillingar. Det gjeld Solund, Hyllestad, Vik, Sogndal, Gaular, Førde, Høyanger, Jølster, Vågsøy, Årdal, Gloppen og Flora.

Motsett av storbyproblem

Verst stilte er dei tre sistnemnde, som har to ledige legeheimlar kvar. Totalt får legemangelen konsekvensar for tolv prosent av alle som bur i Sogn og Fjordane.

— At så mange kommunar har ledige legeheimlar, er svært mykje, meiner Følid.

— Hos oss er problemet motsett frå storbyane, der legar overbyr kvarandre for å få pasientlister, mens vi har problem med å få søkjarar til stillingane.

— Er det nokon vits i fastlegeordninga for dei som står på «lister utan legar»?

— Fordelen er at dei unngår den doble eigenandelen. Men siktemålet med ordninga er jo å ha éin fast lege å forholda seg til, og det er ikkje blitt innfridd.

100 stillingar, 130 vikarar

Ledige legestillingar i Sogn og Fjordane var eit problem lenge før fastlegeordninga vart innført.

Men med den nye reforma har kommunane større ansvar for å skaffa legetenester innan rimeleg tid. Når pasientar utan fastlege ringjer sitt lokale legekontor, vil dei få time hos fastlege eller legevikar.

Hittil i år har 130 vikarlegar arbeidd i Sogn og Fjordane ý eit oppsiktsvekkjande høgt tal, ettersom det berre er 100 stillingar i fylket.

— Ein konsekvens av reforma blir truleg at kommunane i større grad kjem til å nytta seg av dyre vikarbyrå i framtida, seier Følid.

— For av ein eller annan merkeleg grunn har ikkje legane forstått kor godt det er å bu i Sogn og Fjordane!