• Nei. Rekord er det vel ikkje akkurat, men det er i alle fall den største fisken eg har halt om bord på mine ti år på sjøen, seier Ørjan Mo.

Sist veke fanga han ei kveite på 130 kilo i garnet. Fisken vart tatt i Samlafjorden i Jondal, og den erfarne fiskaren hadde store problem med å få kjempa om bord.Men ein kollega kom til hjelp, og dermed var beistet sikra. Fisken vart levert til mottak på Os, der Mo kunne innkassere 70 kroner kiloet.

– Det er jo litt stas å få slik storfangst. Det skulle vore fleire slike i garnet, seier Mo til bt.no.

KJEMPEFANGST: Ei kveite på 130 kilo. FOTO: MARIE MO