Dei stadene som misser tannhelseklinikken er Utne, Røldal, Kinsarvik, Granvin, Strandebarm, Øystese, Hatlestrand, Mosterhamn, Fitjar, Valen sjukehus, Austrheim, Ostereidet

og Ladegården sykehjem i Bergen.

Personalet ved klinikkane som vert lagde ned, vil verta overførde til andre klinikkar som dermed vert større og får utvida området dei skal dekka.

Dei fleste av klinikkane som skal leggjast ned er små klinikkar som er i bruk frå ein til nokre få dagar i veka. Ei nedlegging vil gje mindre utgifter til husleige, reinhald, ambulering, investeringar i dentalt utstyr, nettleige og drift av IKT — systemet. Berre til nye tannlegestolar vil det krevja ei samla investering på rundt 3 millionar kroner for desse klinikkane i planperioden frå 2004 til 2007.

Fylkestinget har slutta seg til at «tannlegebussar» og/eller mobilt utstyr skal vurderast som alternativt tannhelsetilbod på stader der tannhelseklinikkane vert nedlagde.

Talet på tannklinikkar i Hordaland er redusert frå 114 i 1992 til 78 i 2003. Med nedlegging av 13 klinikkar til, vert det 65 tannklinikkar att i Hordaland.

Fylkestingar har også slutta seg til at eldre og uføre som vert pleia av familie og næraste pårørande skal koma inn under ordninga med rett til gratis behandling. Eventuelle utgifter til tannteknisk arbeid må dei betala sjølv.