Dommen blei forkynt i open rett i Fjordane tingrett fredag. Både tiltalte og dei næraste pårørande til Anne Slåtten var til stades då tingrettssdommar Terje Mowatt las opp dommen.

Også slektningar av Standnes og eit stort pressekorps var til stades i retten.

Truleg anke

Etter råd frå forsvarar Ivar Blikra tok Standnes betenkningstid då han fekk spørsmål om han vil anke dommen. Likevel tyder mykje på at dommen blir anka.

— Min klient står fast på at han er uskuldig. Han opplever dommen som uverkeleg, seier advokat Ivar Blikra.

Forsvaret har no 14 dagar på seg til å avgjere dette. Ei ankesak kan komme fram for lagmannsretten alt i mai.

Også påtalemakta kan komme til å anke. Aktor Jogeir Nogva hadde lagt ned påstand om 17 år i fengsel, men fekk ikkje medhald i dette.

— Vi er nøgde med at tingretten så klart slår fast skuldspørsmålet. Det vil bli opp til Riksadvokaten å avgjere om vi vil anke på straffeutmålinga, kommenterte Nogva rett etter at dommen var sagt.

Vektla DNA

Fjordane tingrett meiner det er bevist at Standnes med forsett tok livet av sjukepleiestudenten då ho var på veg til dagvakt på Førde helsetun søndag 6. juni i fjor. Retten har langt på veg lagt politiets arbeidsteoriar til grunn, og lagt sterk vekt på DNA-funna politiet gjorde på åstaden i Vaskarvollen i Førde sentrum. Den 42 år gamle sunnfjordingens DNA blei funne ein rekkje stader på avdøde, og retten meiner dette er sterke nok bevis til å dømme han for drapet.

I dommen skriv tingretten at alternative avsetningsmåtar for DNA-funna, «herunder teorier om urinering og gjenoppliving, fremstår som teoretiske og oppkonstruerte».

Kan vere «hettemannen»

Tingretten legg også vekt på at den no domfelte sunnfjordingen ikkje har alibi for drapsmorgonen. Retten går også ganske langt i å antyde at Standnes også kan vere den mykje omtala «hettemannen», mannen som blei sett komme ut frå drapsstaden om morgonen måndag 7. juni, mellom tre og fire timar før Anne Slåtten blei funnen kvelt.

Øyfred Henning Standnes er dømd til å betale dei pårørande i alt 516.243 kroner i erstatning. Dommen var samrøystes. Til frådrag i fengselsstraffa kjem dei 143 dagane Standnes har vore halden i varetekt.

<b>VENTAR: </b>Pressa ventar på kommentarar frå partane etter at dommen er lese opp.
ODDLEIV APNESETH