— Sørgjeleg. Etter ei tid med ei lita betring i trafikksituasjonen trur eg utviklinga i Kvinnherad vil gå den gale vegen, med stygge smellar og fleire dødsulukker, spår Terje Vidar Hoel i trafikkseksjonen i Statens vegvesen, avdeling Voss og Hardanger.

Begrensa ressursar

Sidan 1997 har tolv personar mista livet i trafikken i Kvinnherad - ni av desse dei siste sju åra. Så langt i år har kommunen hatt to dødsulukker. Berre i løpet av sist veke vart det registrert tre utforkøyringar.

Saman med Lindås i Nordhordland vert Kvinnherad rangert som verstingen hos Utrykningspolitiet i Hordaland. Likevel er det berre få veker til UP-bilen og to faste polititenestemenn vert omprioriterte til andre oppgåver i politiet.

— Me har begrensa ressursar. Desse må forvaltast på best mogeleg måte. Dette skjer i samråd med politimeisteren i Hordaland, seier UP-sjef Leon Nordanger.

— Men bør ikkje UP halda fram i Kvinnherad, så lenge kommunen finst på verstinglista di?

— Det kan du kanskje seia. Men eg kan lova at UP framleis vil vera høgst til stades. Utan å stigmatisera nokon så har Kvinnherad eit ungt bilmiljø som ikkje er særleg bra, og utfordringane til politiet er store når det gjeld trafikk. Me vil i langt større grad overvaka vegane med sivile køyrety framover.

Nordanger fortel at UP vil jobba i tett samarbeid med det lokale politiet.

— Det vert ikkje noko heksejakt, men det vert ikkje fritt fram for fartsbøllene heller. Målet vårt er å skapa trygge vegar, seier UP-sjefen.

- Høg fart og forbikøyring

Kvinnherad-lensmann Jan L. Fosse tykkjer det er leit at den faste UP-bilen forsvinn.

— Overvakinga av trafikken vert mindre omfattande. For å kompensera så må me leggja om strategien vår. Det viktigaste vert ikkje kor mange bilar me kontrollerer, men at me kontrollerer dei rette. Me har god oversikt over fartsmiljøet og vil halda dette under sterk oppsikt.

Fosse understrekar at trafikk har høg prioritet i det lokale politiarbeidet.

— Trafikken fører til så mange tragediar at den ikkje kan leggjast bort, seier han.

Tor Vidar Sæle har vore politibetjent i UP i Kvinnherad i fire år. No skal han tilbake til ordinært politiarbeid ved det lokale lensmannskontoret på Husnes. Han stadfestar at det er ei lita gruppe fartsbøller som står bak grisekøyringa.

— Me snakkar om ein gjeng unge gutar som brukar mykje pengar på bilar med svært store motorar. Resultatet vert høg fart og stygge forbikøyringar.

— Kappkøyring?

— Du høyrer sjølvsagt mange rykter om det. Kor mykje som til ei kvar tid stemmer skal vera usagt. I tilfelle er det totalt uakseptabelt, seier Sæle.

Mistar vit og forstand

Tore Kjell Olsen har vore køyrelærar i Kvinnherad sidan 1979, og har lært mellom 2000 og 3000 sambygdingar å køyra bil.

— Hos meg er dei snille og køyrer fornuftig. Men straks dei vert slepte fri i trafikken ser det ut som at det skjer noko med dei. Enkelte mistar rett og slett vit og forstand når dei får førarkort, seier han.

To av Olsen sine tidlegare køyreelevar omkom i ulukka på Sandvoll i 1999.

Reset, Valen 9. mai 2006. FOTO: GEIR REMME