Då dei tolv familiane i Flåten terrasse i Os flytte inn, trudde dei at alt var i orden. Det har seinare vist seg å vere feil, dei har måtte bruke ein mellombels tilkomstveg for å kome til sin eigen parkeringsplass. På ein dags varsel stengte Os kommune i går vegen fordi den er trafikkfarleg. No er alle bebuarane stengt ute.

Usamde

— Utbyggjar aksepterte pålegget om å ikkje bruke vegen, men brukte den likevel, seier advokaten til grunneigar Espen Aspenes, Vidar Broder Lund.

— Utbyggjar trudde at dei kunne bruke vegen, og rekna ikkje med at betongen skulle råke ein uskuldig tredjepart, seier advokat Paul Vikse for utbyggjar Asbjørn Hitland.

— Kven som har skulda veit vi ikkje, seier utestengde Frode Valle.

— Men det er uhaldbart for oss som tredjepart å bli stengt ute frå vår eigen parkeringsplass.

Tilbod om kjøp

Utbyggjar fekk tilbod om å kjøpe seg inn i den omstridde vegen i juni i fjor. Prisen skulle vere 30.000 kroner per leilegheit.

— Det er den same prisen som naboen må betale for å ha bruksrett til vegen, seier advokat Broder Lund.

No må partane anten bli samde, elles kjem saka for retten. Fram til det kjem ei løysing må dei råka bebuarane parkere ein annan plass.

— Dei som har kjøpt leilegheit kan kjøpe seg inn og ta det opp med utbyggjar sjølve, seier Broder Lund.

Dette har ikkje bebuarane høyrt noko om, men å betale sjølv kjem ikkje på tale.

— Dette er småpengar for utbyggjar, seier utestengde Gunnar Lunde.