Jenta, som er frå Førde, skal ha fått skader i nakken. Ein doktor som var i bakken kom til, og tok jenta under behandling rett etter at ho fall.

Den 12 år gamle jenta har vore ved medvit heile tida etter ulukka som skjedde rundt klokka 11. Ho blir frakta med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde.