OVE A. OLDERKJÆR

— Visst er det drastisk å måtta kvitta seg med så mange planter. Men heldigvis har eg noko hekk av sibirlønn og spirea att, seier Lidvald Stubhaug til Bergens Tidende.

Fitjar er så langt den nordlegaste registreringa i Noreg av den frykta plantesjukdommen pærebrann. Og i haust har sjukdommen verkeleg slått til i Fitjar. Over 160 hagar er angripne.

Fryktar Hardanger-spreiing

Det planteforskarar og landbruksekspertar fryktar aller mest er spreiing innover til frukthagane i Hardanger og over Bjørnefjorden til Bergenshalvøya, der det er særleg store mengder prydplanter som pærebrannbakterien likar seg i; hagtorn og mispel.

Forskarar har i haust fått mistanke om at bier er viktige smitteberarar. Teorien er at smitten har kome til Fitjar med bikubar som er flytta frå Bømlo. Bømlo hadde store åtak av pærebrann i området ved Rubbestadneset i forfjor.

Landbrukstilsynet har no innført forbod mot å flytta bikubar i perioden 15.april til 15.september i 14 kommunar, 11 i Rogaland og Bømlo, Stord og Sveio i Hordaland.

Ta vondet med rota

I og med at sjukdommen skuldast ein bakterie, er det ingen kjemikaliar som kan nyttast mot pærebrann. Det einaste miljømessig forsvarlege verkemiddelet er å fjerna alle vekstar som er angripne.

I nokre middelhavsland er det brukt antibiotika spreidd med helikopter i kampen mot pærebrann, men det er uaktuelt i Noreg av fleire årsaker.

— Bakterien har normalt trivst best i varme, sørlege strok. Men i år har vi hatt langvarig varme også hos oss, det har auka spreiinga, seier regionsjef i Landbrukstilsynet, Bjørn Eidhammer i Stavanger.

Det statlege tilsynet tek alle utgitfer med å fjerna smitta buskar og tre. I Fitjar har landbrukskontoret sett jobben bort til Fitjar Meieri, som ifølgje dagleg leiar Odd Bondevik for tida har sju bønder i deltidsarbeid med å fjerna og destruera sjuke planter.

— Folk tek situasjonen overraskande positivt. Så langt er det ikkje registrert åtak på frukttre, seier Bondevik.

Tilrådd av arkitekt

Tidlegare skulesjef Lidvald Stubhaug planta sjølv mispelen, eller Coloneasteren som den latinutdanna pensjonisten kallar busken, rundt huset han bygde ved Rimbareid skule i Fitjarbygda i 1961.

— Det var fylkesarkitekten som tilrådde både Coloneasteren og andre planter eg har på den to mål store eigedommen. Og dei har vore til glede og nytte heilt til no. Hekken har skjerma eigedommen mot både vind og innsyn, seier Lidvald Stubhaug.

— Det er folk frå landbrukstilsynet som har vore og undersøkt plantene mine. Eg merkar ikkje noko til sjukdommen, hekken ser jo heilt frisk ut, seier Stubhaug, som er usikker på kva han vil planta i staden for all mispelen som skal fjernast.