Mannen er tolv gonger tidlegare dømt for tilsvarande forhold, noko Sunnhordland heradsrett ser som grunnlag for skjerpa straff denne gongen.

Trugsmåla og lekamskadene er i stor grad utført overfor mannen sin tidlegare sambuar, som han må betala 5000 kroner i erstatning.

Ei avsagd hagle og to knivar blir inndregne, medan 37-åringen får ha to luftspistolar og ein leikepistol som politiet fann i ei ransaking.