Guten frå Rubbestadneset på Bømlo vart sendt til sjukehus, men skadane skal ikkje vere alvorlege, ifølgje operasjonsleiar Svein Sørensen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Uhellet skjedde litt før klokka 19 i bustadfeltet Ramskleiva på Rubbestadneset i Bømlo kommune.

Den 20 år gamle mannlege sjåføren rygga bilen sin ut av ei innkøyring, då syklisten kom imot.

— 11-åringen trefte bilen, skjena ut av vegen og inn i ein hekk, seier Sørensen.

Bilisten skal ikkje ha halde stor fart. Det hadde derimot syklisten, ifølgje politiet.