CAMILLA BERGE VIK (tekst) CAMILLA HAUKANES (foto)

Strikketøy, sangbøker, toalettsaker og vaskefat. Senger på gangen, piano i heisen og slitne vegger utan bilete. Meir eller mindre stressa kvitkledde som svinsar omkring mellom tomme rom, medan dugnadsviljuge lokalpolitikarar hjelper til med stolar og bord. Med på flyttelasset til Storebø Pleie og Omsorgssenter i Austevoll er 103 år gamle Ole Rasmus Drønen.

Den sympatiske austevollingen treff me på det nesten tomme rommet hans i andre høgda på den gamle sjukeheimen på Storebø. Han ser roleg ut av vindauget der han sit åleine i ein raud lenestol. Tulipanane frå bursdagen sist onsdag står framleis fargesprakande og flotte. Gratulasjonsbrevet frå kongen og kleda er pakka ned.

Noko reisefeber er det ikkje snakk om hos denne mannen. Drønen ser ut til å ta det heile med stor ro, og pratar i staden om gamle dagar. Han har ingen problem med å hugse då han var på sildefiske — eller då han drog teiner med far sin som fireåring. Eller då tyskarane kom seglande sør i leia under første verdskrig. Ikkje verst å ha ein hukommelse som strekk seg over eit heilt århundre.

«Ei fela sykje»

Drønen budde heime til han var 90 år gamal, men helsa har ikkje alltid vore like god. Han tenkjer tilbake til ungdomstida då han fekk spanskesjuka - ei alvorleg liding på den tida.

— Det var ei fela sykje, berre ein av hundre overlevde. Dei hadde til og med laga i stand kiste til meg, fortel 103-åringen, som om to månadar blir den lengstlevande austevollingen nokosinne.

Etter seks år på Storebø, i aldrande lokale med trekkfulle vindauge og dører, meiner den myndige mannen at det i grunn var på høg tid med sjukeheim - og ser fram til ny bustad. Men han er ikkje av den klagande sorten, og legg ironisk til at han har då fått både mat og drikke i tida han har vore her.

— Ja, det er nokre salige greier dei har laga til no, sukkar han, medan han tek ein ny kik ut glaset - tydeleg imponert over kor raskt moderne handverkarar har reist det nye omsorgssenteret. Teknikken har forandra seg mykje sidan han var ung.

— Å du, å du, ja, korleis det har gått føre seg! Den gong hadde dei ikkje ein gong laga vegar.

La ned grunnsteinen

Midt under middagen kjem ordføraren på besøk for å sjå korleis det går med flytteplanane. Som eldste innbyggjar i Austevoll fekk Drønen æra av å leggje ned grunnsteinen på den nye tomta for eit halvt år sidan, og har dessutan fått daglegstova kalla «Ole-stova» etter seg. Døtrene er komne til for å hjelpe han med flyttinga, og lurer på om han veit kven som er på vitjing.

— Om eg veit? Det er jo ordføraren! Kjem svaret kontant. Trass i den høge alderen følgjer han ivrig med på kva som skjer, og har sjølvsagt fått med seg den nye, unge ordføraren. Dei to vaks opp i same bygd, og tek seg tid til eit lite ordskifte før Drønen må ta på seg jakke og hatt og bli kjørt ut i bilen.

Ser lyst på framtida

Inne på den nye pleieheimen står dei oppstilt; familien, tilsette, sjefar og lokalpolitikarar. Det er høgtidsstemning over alle ved inngangspartiet i det flotte bygget. I det Drønen vert trilla mot døra i rullestol, ilar både fotografar og ordførar til for å ta godt i mot han. Sjølv ser han nysgjerrig rundt seg medan sistnemnde får æra av å trille han inn på rommet sitt. Dei lange gangane er utan høge dørstokkar, vegger og rom er lyse og fine, og eldstemann kan nærast ikkje tru det han ser.

— Er dette rommet mitt? Fantastisk!

Han vert plassert staseleg i stolen ved vindauga, lettare forfjamsa over alt oppstusset. Varaordførar kjem og tek han i handa, og seier han vonar det blir femti nye år på Drønen. Då må han le godt.

— Eg tek ein dag om gongen!

— Du er nok meir klårtenkt du enn me som driv politikken! Held varaordføraren fram.

Den spreke hundreåringen ser seg rundt i det store, nye rommet og nikkar nøgd.

— De finn nok på noko, det har eg trua på, trøystar han med eit lurt smil.

LANGT LIV: Eit 103 år langt liv har sett sine spor.
EFFEKTIVT: Hjelpepleiar Aud Helen Sivertsen testar ut sparkesykkelen - det nye hjelpemiddelet for å rekke over det store arealet på den nye eldreheimen. Ole Drønen følgjer nøye med.
OLESTOVA: - Ja, dette var ei svera stove! Daglegstova på Storebø Pleie og Omsorgssenter er kalla opp etter Ole Drønen, og 103-åringen er godt nøgd.
SISTE MIDDAG: Ordførar Helge Andre Njåstad i diskusjon med Ole Drønen siste middag på den gamle sjukeheimen.