Tilskiparen har sendt ut pressemelding om avlysinga, men forsømt å gje melding til fylkesadministrasjonen.

Tilskotet vart tilrådd av Kultur— og ressursutvalet og deretter løyvd av fylkesutvalet denne veka.

– Vi fekk ikkje nok sponsormidlar, seier leiaren i Hangglider- og Paragliderseksjonen i Norges Luft-sportsforbund, Arne Hillestad.

Sjølv med tilskotet frå fylkeskommunen, ville ein ikkje nådd høgare enn til 300.000 kroner, under ein tredel av den budsjetterte millionen.

– I utgangspunktet budsjetterte vi med to millionar kroner, men halverte utgiftene ved å redusera på helikopterbruk. Når det ikkje lykkast å skaffa hovudsponsor, var heller ikkje det reduserte kostnadsnivået realistisk, seier Hillestad.

Han synest det er svært leit at Noreg måtte seia frå seg VM, sidan Voss gjennomførte eit svært vellykka prøve-VM under Ekstremsportsveka i fjor.

Meisterskapen skulle skipast til på Voss i tida 22.-31. august. Voss Hang- og Paragliderklubb venta mellom 75 og 100 deltakarar frå 25 nasjonar.

Voss er etablert som ein av dei beste stadene i verda for slik luftsport. VM-tilskipinga er med på å styrkja merkevarebygginga av Vosseregionen som reisemål for ekstremsport, heiter det i søknaden om fylkeskommunalt tilskot.

Men no kan fylkeskommunen bruka pengane til noko anna.

PARAGLIDING: Frå oppvisinga under Ekstremsportveko.ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH