EYSTEIN RØSSUM

— Det er veldig mange som har gitt: Både vennar og kjende av Rønnestad, bedrifter og institusjonar, og vanlege folk som har følt for å gi, seier advokat Helge Hansen, som var Rønnestads advokat gjennom fleire år.

Fondet skal brukast til å hjelpe kvinner og barn som hamnar i liknande situasjonar som den Ingse Merete Rønnestad og dei to sønene hennar var i.

Fengslingsmøte i dag

Rønnestads eksmann er sikta for overlagt drap i Citypark parkeringshus 4. mars. Han og ekskona var på veg til nok eit rettsmøte i kjølvatnet av samlivsbrotet då Rønnestad vart skoten like etter klokka 09.00.

Etter fire veker i varetekt må den 39 år gamle marineoffiseren møte til nytt fengslingsmøte i Bergen tingrett i dag. Han har ikkje vore villig til å forklare seg for politiet, men hevdar at han ikkje hugsar noko som helst frå dagane før drapet. Han nektar for å ha hatt noko med drapet å gjere.

Den 39 år gamle marineoffiseren er underlagt brev- og besøkskontroll. Politiet har også nekta han og forsvarar Brynjar Meling innsyn i etterforskingsdokumenta. Årsaka er at den drapssikta ikkje skal få høve til å tilpasse forklaringa si til kva andre vitne har sagt, eller til tekniske funn.

Pass, pengar og reiseveske

Eksmannen vart pågripen i Aurland drapsdagen. I bilen hadde han ei ferdigpakka reiseveske, pass og 16.000 kroner. Det vart funne blod på framskjermen av bilen hans, og i kupeen låg ein parkeringslapp frå drapsstaden som var stempla 08.52, få minutt før Ingse Merete Rønnestad vart skoten.

Vitne såg også ein bil maken til den mannen har, køyrande i stor fart ut av parkeringshuset like etter at skota fall.