Dermed har Gulating lagmannsrett kome til stikk motsett konklusjon av Sunnhordland tingrett, som blankt frikjende Nessa i januar. Til hausten må Nessa igjen møte i lagmannsretten i ei arbeidsrettssak, etter at han fekk sparken i HSD.

Ulykka i april 2004 skjedde i det snøggbåten MS «Baronessa», med Nessa som skipsførar, skulle leggje til kai ved Ranavik. Nessa heldt ca. 27 knop gjennom sundet like før kaien, og då han skulle slakke på, lystra ikkje båten fartshendelen. For å unngå kollisjon med kaien, styrte Nessa båten inn på land ved sida av.

Lagdommarane meiner det ikkje er tvil om at Nessa heldt alt for høg fart. Han prøvde ikkje å slakke på før han hadde hatt ca. 370 meter til kaien. Dette var for seint, meiner retten, med tanke på at teknikken kunne svikte.

HSDs instruks slo fast at farten gjennom sundet skulle vere maks 18 knop.

— Eg er oppgitt og skuffa. Dette må bety at heile flåten må leggje om rutetidene, seier Nessa, som nå vil vurdere om dommen skal ankast til Høgsterett.

Nessa fekk sparken frå HSD etter ulykka. I tingretten tapte HSD arbeidsrettssaka, men selskapet har anka til lagmannsretten. Denne er venta å kome opp til hausten. Informasjons Arild Sondre Sekse i HSD ønskte ikkje å kommentere den ferske lagmannsrettsdommen i går.