Sauebonde Ove Baggetun får bota fordi han har skote med rifle, sjølv om han ikkje hadde løyve til å bere våpenet. Baggetun gjekk ut for å sjå til sauene sine, då han møtte på det han trudde var bjørn i tussmørket. Han blei redd og løyste skot.

Etterforskinga har vist at det truleg ikkje var ein bjørn det blei løyst skot mot. Funn frå området blei sendt inn til analyse, men utan at dette har gitt endeleg svar på kva dyr det kan ha vore. Ein teori har gått at det kan ha vore hjort.

Politiadvokat Magnar Austrheim seier til NRK Sogn og Fjordane at ei rekkje formildande omstende gjer at Baggetun berre får bot.