Etter at formannskapet sist veke gjekk inn for badeanlegget, blei det sett i gang to underskriftsaksjonar i kommu-nen. Ein mot badeanlegget, ein for folkerøysting. Då listene, som har lagt ute på butikkar, bensinstasjonar og kaféar sidan fredag, blei samla inn i går, hadde nesten 1300 sett namnet sitt under oppropa. I kommunen bur det i overkant av 5000.

– Eg er veldig overraska over at så mange har skrive seg på. Eg hadde aldri venta eit så stort engasjement, seier Caroline Hauge som la ut lister mot badet i fem bygdelag. Men ikkje i Gaupne.

Hauge samla inn listene tysdag ettermiddag og kveld, og overleverte dei til ordføraren i går. Ho ventar at dei blir delte ut på dagens kommunestyremøte.

– Eg håpa nokre fleire hadde skrive seg på, men er trass alt godt nøgd, seier Sandhya Holene, initiativtakar til oppropet om folkeavstemming.

Holene la ut lister i Hafslo, Veitastrond og Gaupne. Men i kommunesenteret blei lister konfiskerte av sjefane på ein butikk og ein kafé.

– Argumentet var at i Gaupne var folk for badet, fortel ho.

– Det fortel meg at dei ikkje har sett seg inn i kva som var målet for aksjonen. Eg drog den i gang fordi eg er redd politikarane er låste til det partia deira meiner.

– Kva meiner du sjølv?

– Eg fryktar at ei så store investering vil gå utover barnehage— og skuletilbod i kommunen. Eg har fire ungar, og er oppteken av at dei skal ha det godt. No er eg redd for at kvaliteten på tilboda skal gå ned.