• Slett ikkje verst å få premie for ein slik aktivitet, seier Hans Morten Nernes. I går henta han 1000 kroner i premie for å ha laga ein ny kvemming i fjor.

Det aula med ungar og foreldre i Kvam rådhus i går, då ordførar Astrid Selsvold strødde om seg med pengar. 1000 kroner vart utlova til alle nyfødde i Kvam i fjor. 93 par let seg freiste, og i går kunne dei og avkomma innkassere premien.

Heradstyresalen var utvida med tilstøytande kantinerom til eit heidundrande kalas, med amming og bleieskift over ein lav sko.

Legg likevel ned skulen

Hans Morten Nernes, som er far til babyen Kjell Anders bur vegg-i-vegg med Oma skule, der den håpefulle aldri får læra alfabetet. Nedleggingsvedtaket vart gjort i same salen tidlegare denne veka. Når 2004-kullet er klar for skulegang, skal alle ungane i tidlegare Strandebarm kommune samlast på Tangerås.

Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko; sjansane for parkeringsplass til konebilen aukar når skulen er lagt ned. Mamma, Anne Marta Oma, er likevel mest oppteken at pengeplasseringa. Tusenlappen skal i banken i Sogn, helst i ein filial i Høyanger, der ho kjem frå.

Dei aller fleste tusenlappane hamnar på nyoppretta bankkontoar i barnet sitt namn. Det fekk vi klart inntrykk av. Gry Wollestad og Tony Sollesnes må til Øystese med pengane, sidan bankfilialen i Ålvik er lagt ned. Men dei har minibank til å ta pengar ut att. Veslejenta Frida, fødd 30. oktober, fekk «låna» tusenlappen sin for eit bilete til familiealbumet, men sovna frå heile greia.

Budsjettsprekk

— Eg vart positivt overraska då vi fekk innbyding for Marta. Ho er fødd 17. desember og eg hadde høyrt at berre dei 80 første av 2004-borna skulle premierast, seier Liv Solgunn Brattli Mo til Bergens Tidende.

— Det stemmer at den opphavlege løyvinga var på 80.000 kroner. Det vart budsjettert ut frå fødselstalet på 73 året før. Men sjølvsagt skal desemberborn også premierast, seier ordførar Astrid Selsvold.

— Å finna desse ekstra kronene er den minste utfordringa eg har hatt som ordførar, legg ho til.

Den eldste kvemmingen av 2004-årgang vart fødd 6. januar, den yngste 29. desember. Den som ikkje kom seg ut før årsskiftet, får ingenting. På budsjettet for 2005 er det ikkje sett av ei einaste krone til nyfødde kvemmingar.

— Vi måtte ta så tøffe nedskjeringar på dette budsjettet, endatil kutta kommunale stillingar, så vi kunne rett og slett ikkje prioritera slike, ikkje lovpålagde, tiltak, seier ordføraren, men vonar å kunne lura til noko likevel.

Forbilledleg

— Då bør ei samkome som denne i rådhuset prioriterast, seier kommunejordmor Karin Mo. Ho har hatt alle mødrene til svangerskapskontroll, men ikkje teke mot nokon av borna. Alle er fødde på sjukehus, dei fleste på Voss, resten i Bergen.

Karin Mo er overvelda over det gode frammøte. Ordføraren måtte setta i gang dugnad for å henta ekstra stola i gymnastikksalen.

— Det er tydeleg at ei slik samling er midt i blinken i det langstrakte heradet. Her kan stolte foreldre visa fram ungane sine og ha sosialt samvær med andre i same situasjon, seier jordmora.

— Eg har stressa fælt for å koma hit, Først skule utanbygds om morgonen, for så å køyra lange vegar heimom på Omastrand etter vetleguten, og inn til Norheimsund, fortel Siv Håbrekke.

Kvam herad har også prøvt andre tiltak for å auka folketalet. I Ålvik har byggeklare tomter vore til sals for ei krone. Men berre ei slik tom er seld.