Ifølgje Sogn Avis har jegrar sett to jervar i dette området siste dagane.

Det er gitt fellingsløyve på ein jerv i Lærdalsfjella fram til 1. september. Jegrane var vitne til eitt av sauedrapa, der ein jerv sprang etter og tok livet av sauen. Jegrane kom ikkje på skothold, men fekk ei forklaring på kvifor talet på drepne sauer i områda Lærdal/Aurland truleg alt har passert 100 dyr; like etter at sauen var drepen dukka jerv nummer to opp.