Onsdag denne veka var ein delegasjon ordførarar frå Indre Hardanger i Helse— og omsorgsdepartementet i Oslo for å leggja fram kravet om overgang frå Helse Fonna til Helse Bergen. Dei fire kommunane Jondal, Ullensvang, Eidfjord og Odda står samla i kravet om at dei «ve te Bergen med det same». Også kommunelegane støttar kravet.

— Me er hordalendingar, vår hovudstad er Bergen, det er der me føler at me høyrer til. Det er NRK Hordaland me høyrer på. Så enkelt er det i grunnen, sa John Opdal (H), ordførar i Odda til BT etter møtet med statssekretær Robin Kåss (Ap).

Leiv Varberg, ambulansearbeidar, klinikktillitsvald og sjef for Fagforbundet i Odda, reagerer på den unisone framstillinga og meiner det slett ikkje er sant at alle ved Odda sjukehus vil over til Helse Bergen.

- Kjappare veg til Haugesund

— Eg saknar dialogen. Politikarane har ikkje hatt dialog med dei tillitsvalde på sjukehuset. Her er det delte meiningar om kva som er best for Odda, seier Varberg, som er klinikktillitsvald på medisinsk serviceklinikk som omfattar røntgen, ambulanseteneste, laboratorium og operasjonstenesta.

Som leiar i Fagforbundet i Odda har han totalt 900 medlemmer bak seg. Han føler at den eine sida har kuppa historia og framstillinga i media og framstilt det som eit unisont krav frå Odda om å bli overflytta til Helse Bergen.

— Me er 19 personar som jobbar på ambulansen, og me er 100 prosent for å bli verande i Helse Fonna. For oss er det avgjerande at vegen til Haugesund er kjappare og betre enn til Bergen, seier Varberg.

Han peikar på at vegen frå Odda til Haugesund tek ein time og 55 minuttar, men distansen let seg køyra på halvannan time med utrykkingskøyrety. Vegen mot Bergen tek lengre tid og er ikkje like god, ifølgje Varberg.

- Best å bli verande

På styremøtet 28. november gjekk styret i Helse Fonna inn for å behalda føretaksgrensene som i dag. Same konklusjon landa Koordineringsleddet som består av leiarar i Fagforbundet i heile Helse Fonna sitt nedslagsfelt på.

— Me er einige om at det er best å bli verande i Helse Fonna. Dersom me kjem inn under Helse Bergen kan det fort bli veldig stort og uoversiktleg, seier Varberg.

Endring av føretaksgrenser i Indre Hardanger skulle handsamast av Helse Vest sitt styre 6. mars, men er utsett i påvente av eit dialogmøte med Departementet. Ny handsamingsdato blir 10. april.

Varberg har ikkje tru på at han klarer å snu politikarane i Hardanger, men set sin lit til Helse Vest sitt styre.

Han føler Helse Fonna no er i gang med å tilføra Odda sjukehus oppgåver som til dømes ny smerteklinikk. Det blir også betre førstelineteneste med legebilen i Haugesund som på sikt skal få døgnkontinuerleg vakt og kan utfylla ambulansetenesta, meiner han.

— Det me treng no er fred. Politikarane må ikkje rota med grensene, seier Varberg.

VIL BLI I FONNA: Ambulansearbeidar Leiv Varberg ønskjer at Indre Hardanger framleis skal vere ein del av Helse Fonna.
Ørjan Deisz (arkiv)