BJØRNAR SØRHEIM

Desse 10 millionane er fordelt på 37 personar som urettmessig skal ha motteke pengar frå folketrygda. Dette er ei dobling frå 2003 då 18 personar vart anmelde for å ha motteke 2,8 millionar kroner urettmessig.

— Auka i anmeldte beløp skuldast hovudsakleg at kontrollen i trygdekontora er betre, seier fylkestrygdedirektør Anneliise Korttila Flodsand.

Til saman anmeldte Trygdeetaten 308 trygdemisbrukssaker i 2004. 37 av desse var altså i Hordaland, noko som fører til andre plass bak Buskerud i tabellen over anmeldte trygdemisbruk i Noreg. Det anmeldte beløpet i Hordaland utgjer om lag 20 prosent av det totale beløpet for Noreg.

Det høgaste enkeltbeløpet Folketrygdekontoret melder om er på heile 1,5 millionar kroner.