I ei pressemelding fortel selskapet om driftsinntekter på 530 millionar i fjor. Driftsresultatet blei 15 millionar. Resultatet før skatt blei 10 millionar.

Skipsverftet i Ytre Sogn har så langt i år inngått kontraktar på bygging av 12 skip for levering innan utgangen av 2008. Havyard Leirvik har ein samla ordrereserve på bortimot 3 milliardar kroner.

Den rekordstore ordrereserven vil gje auka trong for oppgradering av verftsanlegget. Mellom anna skal utrustingskaien forlengast med 100 meter i år.