Havøysund Fisk og Industri i Finnmark kom først i søkjelyset, og eitt år sidan gjekk politiet til aksjon mot Ervik Havfiske.

To av toppane i selskapet der tilstod deler av det dei var skulda for. No er i alt 18 personar sikta. 10 av dei er fiskeskipperar knytte til Ervik Havfiske si gruppe av fartøy, skriv Sunnmørsposten i dag.

Politiadvokat Morten Daae stadfestar at det er snakk om fiskefusk for vel ti millionar kroner.