Det siste året har fleire av dei etablerte stoffmisbrukarane i byen gått over til å bli sprøytenarkomane.

— Vi er bekymra for utviklinga. Politiet har registrert fleire tilfelle med overdosar, men så langt har vi ikkje hatt noko dødsfall på grunn av heroin, seier lensmannsbetjent Gunnar Englund til avisa Firda.