Kystradioen melder i dag at ingen med Bergen kommune som arbeidsgjevar har søkt finansdirektørstillinga i Bergen kommune. Nåverande direktør Per Kristian Knutsen sluttar i stillinga til nyttår.

Knutsen opplyser til Kystradioen at det har meldt seg 10-15 søkjarar til stillinga etter at fristen gjekk ut 14. oktober.

Den nye stillinga får tittelen kommunaldirektør for finans, kultur og næring, men er innhaldsmessig identisk med nåverande finansdirektørstilling. I slutten av veka eller i neste veke er søkjarlista klar.

Knutsen seier at han er fleksibel og strekkjer sitt engasjement litt inn i 2007 om den nye direktøren ikkje er på plass til nyttår.