Skulebruksplanen for dei vidaregåande skulane i Hordaland vert sendt på høyring med 1. oktober som høyringsfrist, har Hordaland fylkesutval vedteke.

Planen trekkjer opp den langsiktige retninga for dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen, og vil avgjere kva skular det skal satsast på. Fylkesrådmannen har tidlegare uttrykt at det er naudsynt å leggje ned skular i fylket.

Opphavleg var høyringsfristen 25. august, men den er no forlenga av omsyn til at lokalsamfunn, foreldre, elevar og tilsette skal få sagt sitt.

Vedtak i desember

Etter ein høyringsperiode fram til 1. oktober, vert planen gjennomgått og kjem opp til handsaming i dei politiske organa i fylkeskommunen. Det vert teke sikte på at fylkestinget skal vedta planen i desember i år.

Skulebruksplanen tek heile strukturen opp til vurdering og skal tilfredsstilla to overordna målsetjingar: Gje oversyn over Hordaland fylkeskommune sin skule – og tilbodsstruktur, og peika på framlegg til framtidige prioriteringar fram mot 2035. Alternativ 1 har 34 skular. Gjennomsnittleg skulestorleik i 2024/25 vil verta om lag 540 elevar. I dette alternativet vert talet på skular redusert ved at fagmiljø— og fagtilbod på naboskular vert samla. Alternativet har og ein distriktsprofil ved at dei fleste kommunane/bydelane som har eit vidaregåande skuletilbod i dag, ikkje mister tilbodet. Tilboda vert i staden samla på færre skular.

100 færre plassar i Voss

Framlegget til ny fordeling av utdanningsprogramma mellom dei to ny vidaregåande skulane på Voss vert sendt på høyring saman med skulebruksplanen, har Hordaland fylkesutval vedteke.

I forslaget som no skal på høyring, vert det samla elevplasstalet ved dei to nye skulane på Voss redusert. Det vert om lag 100 færre elevar enn i tidlegare planar. Voss gymnas skal få ein kapasitet på 685 elevar, medan Voss vidaregåande skule får plass til 361 elevar, inkludert 30 elevar ved teknisk fagskule.

Høyringsfristen for Voss sin del er framleis 25. august.