Nedbøren kan kome alt dei første dagane, men heilt sikkert på onsdag i neste veke. Men vêrprofeten Magnus Skildheim i Vadheim går truleg klar av regnet.

— Kanskje Sogn får behalde finvêret, mens det blir nedbør i Hordaland, seier vakthavande metereolog, Anne Reistad.

Torsdag er det meldt om søraustleg vind i Sør-Noreg, opp i frisk bris utsette stader, og det kan også bli liten kuling.

— Vindstyrken kjem til å bli litt sterkare i dagane fram til laurdag, seier Reistad.

Søndag til onsdag blir det truleg søraustleg bris, tidvis kuling på utsette stader, regn av og til og snø i fjellet.

Det blir stort sett uendra temperaturar, men litt høgare dagtemperaturar.