— Eg har eit kommunestyrevedtak å halde meg til, og kan ikkje sjå at det er grunnlag for å gjere om på det, seier ordføraren til BT.

Kommuneøkonomien i Vaksdal går med store underskot. Politikarane må kutte minst 300.000 kroner i haust, og sparar 270.000 kroner på vedtaket.

— Vi meiner at vi klarar å ivareta ansvaret for enkeltelevar og klassen med denne løysinga, seier Olsnes, som kjem til å takke nei til spleisefest-invitasjonen frå «Aksjon 7. klasse».

— Korleis skal vi handtere økonomien for dei neste åra, då? Vi har store utfordringar, og må gjere heilskapsvurderingar av kostnadane, seier ordføraren til BT.

Olsnes legg ikkje skjul på at han meiner at «Aksjon 7. klasse» er uheldig.

— Vi må ta på alvor at innbyggjarar og enkeltpersonar engasjererer seg. Men aksjonen skapar uro og forventningar, og eg trur ikkje at dette er til det beste for elevane. Etter mitt syn slår aksjonen uheldig ut for dei ein kjempar for.

— Kjem du til å gje, dersom du får ein bøsseberar på døra?

— Nei, eg støttar prinsipielt ikkje aksjonar, der eg møter meg sjølv i døra som ordførar og politikar, svarar Olsnes.