— Det er ikkje ei aktuell problemstilling å etterbetale noko som helst, sa helseminister Sylvia Brustad då ho fekk rapporten i går ettermiddag.

Det betyr at dei regionane som gjennom fleire år har fått for lite pengar, ikkje kan glede seg over store utbetalingar i ettertid.

Tek frå Helse Sør-Øst

Jan Erik Askildsen er professor i helseøkonomi ved Universitetet i Bergen. Han er også medlem i Magnussen-utvalet.

— Dette må føre til ei omfordeling av midla, seier Askildsen

Askildsen forklarer at Helse Vest skal ha mindre pengar enn andre på grunn av at befolkninga er friskare her enn andre stader. Men ikkje lite.

Han håper at konklusjonen til utvalet får stortingspolitikarane til å vedta ei endring av systemet.

— Det er fagleg sett det aller beste, seier Askildsen.

Utvalsleiar Jon Magnussen sa i går at 250 millionar kroner skal gå til Helse Vest. Men det kjem ikkje til å skje.

— Fordelingane som er gjort for 2008, ligg fast, seier Sylvia Brustad.

Meir til pasientar

Det er ikkje tvil om at pengane hadde vore til stor nytte i ein helseregion som kvart einaste år i seks år har gått med underskot. Ifølgje det som sist har vore rapportert, vil Helse Vest i 2007 få eit underskot på 470 millionar kroner.

Helse Bergen ligg ifølgje administrerande direktør Stener Kvinnsland an til eit underskot på over 50 millionar kroner.

— Det er klart at desse pengane hadde gitt grunnlag for høgare aktivitet, fleire legar og fleire sjukepleiarar. Men utvalet har ikkje rekna på kor mange fleire pasientar som kunne ha fått hjelp, seier Jan Erik Askildsen.