Thoresen Hværsaagod, kjent som programleiar på radio og tv, var den første som utnytta smuttholet i den nye namnelova, og fekk godkjenning for eit heilt nytt namn. I dag meinar også han at tolkinga av lova har gått for langt.

Det har ikkje lukkast BT å få Thoresen Hværsaagod i tale, men til TV 2 seier han:

— Namnelova har skeia heilt ut. Dersom dei er så rivande ruskande galne at eg også får heite Takkskalduha, har eg lyst til å prøve om eg får godkjent namn som Ingenårsak og Seesimorgen. Så kan namnet gå over til å bli ein slags monolog.

Namneforskar Ivar Utne seier til BT at Thoresen Hværsaagod ikkje kan ta eit nytt namn før det har gått 10 år sidan forrige namneskifte. Her er reglane for namneendring i korte trekk:

  • Du kan når som helst ta tilbake namnet du hadde før namneskiftet.
  • Du kan når som helst ta mellom- eller etternamnet til ektefellen eller til nokon i familien tilbake til tippoldeforeldregenerasjonen.
  • Utover dette kan du ikkje ta eit anna eller eit nylaga namn før det har gått 10 år etter førre namneskifte.