— I år har det vore veldig bra, mykje større pågang enn i fjor, seier Nina Rør, driftsdirektør på «Prinsesse Ragnhild» som trafikkerer mellom Bergen og Hirtshals.

— Her har vore heilt full heile juli, og har berre hatt forseinking med to timar ein gang, opplyser ho.

— For oss har det dårlege vêret vore meir ein fordel enn ei ulempe. Folk reiser på familietur for å få ei oppleving, seier Rør.

Heller ikkje leiar Terje Devold i Fjord Norge, som arbeider for å auke turisttrafikken til Vestlandet, trur vêret er årsak til vanskane for Fjord Line. Problemet er heller skjerpa konkurranse.

— Det er heilt klart at konkurransen om turistane frå kontinentet til Noreg har blitt monaleg sterkare dei to-tre siste åra. Kapasiteten er monaleg auka og det er blitt eit rått prispress. Og enno har ikkje Color Line kome med sin nye tonnasje som skal inn til Kristiansand og Larvik, seier Devold.

Han trur turistindustrien skal slite for å halde tritt med veksten i trafikkapasiteten til sjøs dei neste åra.

Sjølv om ingen av Color Line sine nye farty skal gå til Bergen vil reiarlag som Fjord Line likevel merke at Kristiansand si rolle som innfallsport til Vestlandet vil auke.