KJERSTI MJØR

Kring 500 bergensarar er alt vaksinerte mot ulike krefttypar og sjukdommar, som del av fleire forskingsstudier ved Haukeland Universitetssykehus.

No er ei forskargruppe ved Kvinneklinikken og Barneklinikken i gang med å rekruttere deltakarar til ei ny studie: Femti jenter mellom 10 og 14 år blir inviterte til å vere med i eit vaksineforsøk mot livmorhalskreft.

Krefttypen kan skuldast humant papillomavirus (HPV) — eit svært vanleg smittestoff, som i hovedsak blir overført ved seksuell kontakt. HPV kan gje kjønnsvorter, celleforandringar og altså i verste fall livmorhalskreft hos nokre få.

- Dobbeltmoralsk å la vere

Helsegevinsten av kreftvaksine mot livmorhalskreft er størst i den tredje verda.

— Det er relativt lite livmorkreft i Vesten, men globalt er sjukdommen eit stort problem, seier professor og overlege Ole-Erik Iversen ved Kvinneklinikken i Bergen til BT.

— I land som Tanzania er det tre gonger så mange tilfelle av livmorhalskreft som brystkreft. Kvinnene får ikkje tilbod om celleprøver, og det er mangel på fagfolk og medisinsk utstyr.

Årsaka til at forskarane ønskjer å teste vaksinen på jenter heilt ned i tiårsalderen, er at dei ikkje har debutert seksuelt enno. Sjølv om studien er godkjent av Etisk komite, vedgår Iversen at det ikkje er uproblematisk å vaksinere barn mot seksuelt overførbare sjukdommar.

— Det skapar spesielle utfordringar, og det er viktig å informere nøye. Samtidig er det typisk norsk å lukke augene og stikke hovudet i sanden, når noko kjennest ubehageleg, seier Iversen til BT.

— Vi ønskjer forskingsresultata, men overlet sjølve forskingsarbeidet til andre. Det er både dobbeltmoralsk og uetisk.

- Vaksine i løpet av ti år

Den nye HPV-studien er den fjerde ved Haukeland. Forskingsprosjektet blir utført på oppdrag for to store legemiddelfirma, og er del av multinasjonale forskingsprosjekt.

— Førebyggande kreftvaksine er ikkje til å kimse av. Feltet er relativt nytt, men prinsippet er dokumentert effektivt, seier Iversen, og viser til internasjonale studier.

Dét hadde ikkje professoren trudd for berre få år sidan. Då Iversen første gong høyrde om kreftvaksinasjon i 1999, tenkte han at dette høyrdest vel fantastisk ut. Men sidan har han hatt ansvar for fleire vaksinasjonsstudier ved Haukeland Universitetssykehus, og er komen til ein heilt annan konklusjon:

— Vaksiner kan bety begynnelsen på slutten for kreft. Etter mitt syn er det sannsynleg at kreftvaksine blir tilbudt gjennom eit nasjonalt vaksinasjonsprogram i framtida.. Kanskje i løpet av ti år.