— Det gjekk ikkje an å unngå å bli slegen i hel. Eg meinte det då det skjedde, og eg meiner det i dag, seier handverkaren, som var tilbake på same jobben mindre enn to månader etter marerittet nedover elveløpet.

Vi hugsar alle sist vinter som lang og sprengkald. Men vi er på Vestlandet, og etter frost kjem alltid regn og mildver.

Arbeidslaget på fem i Gjesdalselva i Jølster er skeptiske då dei kjem på jobb klokka 07.30 mandag 17. januar. Dei er nesten ferdige med å forskale inntaksdammen som snart skal støypast ved det privateigde Gjesdal kraftverk. Men no har det regna sidan fredag, og det er framleis mildver. Snøen ligg tung ut over elveløpet, der det er tjukke islag i kantane. Nedanfor går elva bratt over knausar og berg, med kulpar og kjempesteinar nedover.

- Spring

- Vi snakka om faren for ispropp. Eg hugsar at formannen og eg drøfta dette før vi starta om morgonen. Elva hadde blitt større gjennom helga. Så kva gjer vi? Vi vart samde om at ingen skulle stå aleine og jobbe denne dagen. Vi skulle alltid vere minst to som følgde med. Det var sleipt, vått og mykje is. Vi starta arbeidet som vanleg.

Kåre Olav Gjesdal konsentrerer seg om arbeidet, slår i spikar med blikket vendt ned mot forskalinga. Han er iført gummistøvlar, regntøy og ei strikkelue på toppen. Lua skulle han aldri komme til å sjå att.

Om nokre få minuttar er klokka ni om morgonen, det er framleis ikkje skikkeleg lyst. Det er då det skjer.

- No i ettertid veit eg at ein av kollegaene mine såg det som kom, og at det vart ropt spring . Men i elveduren høyrde eg det ikkje. Eg berre merka issørpa som brått steig oppover støvlane og beina mine, og tenkte at no skjer det.

Kor fort alt gjekk, det er noko han har fundert mykje på etter den grufulle opplevinga. På same tid kor mykje han klarte å registrere og tenkje undervegs. Det var over på sekundar, men opplevinga sit i minnet som ein detaljert, sakte film.

Det som faktisk skjer, er at is og smeltevatn har demt seg opp lenger oppe i elva, der dalen er flatare og elveløpet vidare. Så losnar det.

Sørpe iblanda svære isblokker dundrar som eit gedigent hurtigtog nedover mot arbeidarane, grev med seg stadig meir snø og is. I ettertid er farten blitt estimert til langt over 80 kilometer i timen idet massane treff dammen der arbeidet pågår. Den nesten ferdige forskalinga er forankra med ti 3,2 centimeter tjukke armeringsjarn som er bora ned i fjellet.

- Svopp, så var eg vekk

Etterpå er det stilt. All forskaling er vekk. Nokre armerings­jarn ligg flate, medan andre berre er blitt skurt vekk.

Kåre Olav Gjesdal får seg ei vill reise på rundt 200 lengdemeter og 50 høgdemeter nedover det steinfylte, bratte elveleiet.

Først reagerer Kåre Olav med å prøve å komme seg over forskalinga og inn på trygt land. Men det er for seint.

- Svopp, så var eg vekk. Og eg skjønte heile tida kva som skjedde, at eg var tatt av israset. Dei første sekundane flaut eg oppå, så gjekk eg under. Det var omtrent som å vere i ein gigantisk vasketrommel, eg hadde ingen begrep om opp eller ned. Nedover gjekk det kast i kast.

- Kva rakk du å tenke?

- Det er det som er så rart, eg rakk jo faktisk å tenke. Eg visste at dette kan du ikkje overleve, for eg er lokalkjend og veit korleis elva ser ut nedover her. Eg tenkte på at kona og barna måtte klare seg aleine. Det er jo merkeleg, men eg fekk også bilder av mykje styr med gravferda og fine ord om ein arbeidskar som var borte. Og eg tenkte på meg som har lova barna mine å bli minst hundre år, at det skulle ryke på ein slik måte.

I eit glimt roterer han opp med hovudet i fartsretninga, og oppfattar at han er i full fart mot ein solid bjørkestamme.

- Eg vrei meg så mykje eg kunne, og passerte treet så vidt til høgre, og forsvann på ny inn i ismassane.

Nådestøtet

Enno i live, ventande på nådestøtet.

- Så fór eg vidare eit stykke, før det var momentant stopp. Eg hadde ingen peiling på kva som var opp og ned, ei heller om eg hadde ti centimeter eller ein meter med is over meg.

Men ein ting kjende han, og det var at han låg bom fast. Som støypt i betong. Bekmørkt, ikkje lys å sjå. Men han greidde å vri hovudet litt vekk frå vatnet som rann, og konkluderte med at han måtte ligge på ryggen.

- Eg bestemte meg for å gjere eitt, kun eitt, forsøk på å komme meg laus. Legge alt eg hadde av krefter i det. Eg samla meg, trakk inn luft og tok i alt eg kunne makte mot det som låg oppå meg. Ingenting rikka seg ein millimeter.

Seinare konstaterte tannlegen at eine framtanna sprakk under denne kraftanstrengelsen. Der og då innsåg Kåre Olav at han ikkje kunne gjere noko meir. Berre ligge der.

- Eg prøvde å slappe av, klamra meg til håpet om å bli funnen. Merkeleg nok utan dødsangst, utan å få panikk. Eg berre låg der. Så langt hadde eg ikkje kjent på kulde eller smerte. Så svima eg av, som om ein brytar vart slått av.

Men på toppen av ismassane stakk litt av eine støvelen hans opp.

Dei fem arbeidskameratane, som sjølv hadde vore nære ved å bli tatt, såg det som skjedde. To av dei tok bil ned til ei bru lenger nede, og søkte oppover langs elva på andre sida. Tre sprang ned på den elvebreidda Kåre Olav hadde stått.

- Dei gjorde ein kjempejobb. Fleire var klissvåte, terrenget er vanskeleg med ein meter tung snø, seier han. – Men dei fann meg og grov meg fram med hendene.

- Eg vakna og var like klar i toppen

Då var ein halvtime gått, og ambulansehelikopteret var på plass.

I helikopteret målte legen kroppstemperaturen til 26 grader. Kåre Olav vakna i sjukehussenga klokka 19 same kveld. Han hadde brote ribbein, ei punktert lunge, eit brot i ryggen og brest i bekkenet. Han var full av bloduttredingar og kort sagt mørbanka.

- Eg vakna og var like klar i toppen som når eg vaknar ein vanleg morgon. Eg visste akkurat kva som hadde skjedd. Det er utruleg, men sant.

Det var ei ekstrem oppleving. Nesten eitt år seinare tykkjer han det har gått forbløffande bra å fordøye inntrykka.

- På sjukehuset fekk eg beskjed om at du er høgt oppe no. Men at det kjem ein nedtur. Og det var sant, for eg bobla av glede innvendig der eg låg i sjukesenga. Og eg visste at kvardagen ville komme, seier han.

- Så eg har heile tida tenkt at eg skal vere den første til å be om hjelp dersom det trengst, men så langt har eg ikkje følt noko behov for det. Truleg har det hjelpt å snakke om det som skjedde, slik at dei rundt meg har forstått kva dette var.

Påfølgande laurdag kunne Kåre Olav reise heim frå sjukehuset. Og onsdag 2. mars var han atter på jobb, tilbake på forskalingsarbeid ved inntaket til Gjesdal kraftverk. I desember i år kunne han feire 50-årsdagen sin saman med familie og vener.

– Det var jo dei rundt meg som fekk største belastninga. Det gjekk mange timar før nokon kunne vite at eg skulle bli heilt ok igjen, seier firebarnsfaren.

Skjermbilde2.JPG
ODDLEIV APNESETH