- Vi er strilar og er stolte av det, seier 10.-klassingane Ida Håkonsund og Helga Sangolt ved Sund ungdomsskule.

Dei er begge oppvaksne på Sotra og har røtene sin godt planta i strilekulturen.

- I det daglege tenkjer vi ikkje så mykje på at vi er strilar, men det synest tydeleg at mange på vår alder har eit anna forhold til det å vera stril enn det eldre personar har, seier dei.

Bymann og stril

I Vinskvettens låt «Halda på målet» går eit av versa slik:

_«Men plutselig ein dag så vart målsakje in

Alle skulle snakka sånn so bestefaren min

Lattarleg vart da å snakke sånn so eg

Knot va da ordet dei slengte ette meg»_

Målsaka kjem også tydeleg fram i Ivar Medaas og Ove Thues legendariske song «Bymann og stril», der dei to til tider kappast om å framheva bergensk og strilemål. Jentene på Sund ungdomsskule trur nemleg at den svekka strile­identiteten har samanheng med at striledialekten stadig blir meir utvatna.

- Eg merkar det på dei små kusinene mine, dei snakkar jo nesten bergensk. Når eg sjølv byrjar å knota, er pappa kjapt frampå og formanar meg om å halda på dialekten min, seier Ida Håkonsund.

Trur på fleire strilar

Dei to tenåringsjentene får berre delvis støtte av kultursjefen i Fjell, Lennart Fjell, som for nokre år sidan tok hovud­oppgåva si om strileidentitet.

- Strileidentiteten er ikkje avhengig av at striledialekten blir oppretthalden. På kort sikt vil for eksempel utflytta bergensarar til kystkommunane i vest og til Nordhordland neppe kalla seg strilar, men nokre generasjonar seinare trur eg etterkomarane vil ha fått såpass rotfeste at dei vil kalla seg for nettopp det.

Kan bli fleire

Lennart Fjell har tru på at strilelandet vil bestå og at det faktisk kan bli fleire strilar enn i dag — i takt med folkeveksten i omegns­kommunane.

- Tenkjer vi motsett, trur eg bestemt at fjerde, femte generasjon av dei som ein gong i tida flytta til Bergen, i dag vil kalla seg bergensarar.

- Du er ikkje redd for at bergensdialekten er ein fare for strileidentiteten?

- Nei, kva dialekt du snakkar vil ikkje vera avgjerande. Ser vi langt fram i tid, vil alle dialektane endra seg - både bergensk og strilemål. På Sotra snakkar ikkje dei unge i dag slik besteforeldra gjorde, men dei bur på strilelandet og er like gode strilar for det.

- Har strilebeltet endra seg med tida?

- Eigentleg ikkje. Frå gammalt av vart det sagt at dersom du rodde til Bergen og heim att på same dagen, kom du frå strilelandet. Det trur eg er ein bra målestokk den dag i dag, seier strileeksperten.

Strilesjef i Strilen

Ekspert på strilar bør også Strilen vera, avisa som kjem ut i Knarvik og dekkjer Nordhordland og Gulen.

- Kor mange strilar skriv de for, redaktør Hans Egil Storheim?

- Jøss, det er eit vanskeleg spørsmål, men eit råtips vil vera rundt 70 prosent. Eg trur neppe alle tilflyttarane som har slått seg ned her vil kalla seg for strilar. Då avisa starta for over 50 år sidan, kan eg garantera at alle lesarane var strilar.

- Er det mange strilar som jobbar i Strilen?

- Dei fleste er vel strilar, men vi har innslag av andre «folkeslag» også, mellom anna ein harding.

- Kven er ein ekte stril?

- Det må vera ein som er fødd og oppvaksen på strilelandet og har klart å halda på dialekten sin.

- Og du sjølv er ekte stril?

- Ja, utan tvil.