• Norsk Rikstoto veit godt at det blir spelt på kreditt for store summar. Dette pågår framleis, seier tidlegare kommisjonær Åge Midtun.

EYSTEIN RØSSUM

I går vitna Midtun i rettssaka mot mannen som i fleire år var landets ukrona spelekonge: Kommisjonær Thor Solheim på spelebutikken Joker Hop i Bergen.

Solheim sit tiltala for grov økonomisk utruskap mot Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, etter at han hamna i milliongjeld og gjekk dundrande konkurs sommaren 2001. Årsak til fallitten: Storstilt spel på kreditt og kundar som ikkje gjorde opp for seg. Å la folk spele utan kontant betaling i forkant er ikkje tillatt.

Solheim, som gjennom butikken hadde provisjonsinntekter i millionklassen, la i retten ikkje skjul på at det i fleire år vart spelt på krita i stor stil på bakrommet hos Joker Hop. Han hadde på det meste ei årleg omsetjing på 40 millionar kroner, og anslo at nærare 60 prosent av dette kom frå kredittspel.

Skulda 3,8 millionar

Solheim hevdar at både Norsk Tipping og Norsk Rikstoto var fullt klar over praksisen, og meiner difor han ikkje kan straffast.

I januar 2001 skulda han dei to selskapa til saman 3,8 millionar kroner for spel han ikkje hadde gjort opp for. Største kreditor var Norsk Rikstoto, som melde eit krav på 2,7 millionar kroner til buet.

Solheim fekk i retten full støtte frå to tidlegare kommisjonærar i Bergen: Åge Midtun og Rolf Lerum.

— Eg er ikkje i tvil om at både Norsk Tipping og Norsk Rikstoto visste om dette. Alle i miljøet var kjent med at kredittspel var heilt vanleg, seier Åge Midtun.

Han var sjølv kommisjonær i vel to år, før han selde butikken sin på Laksevåg.

— Eg var ikkje så stor, og undra meg over at selskapa var så strenge med oss små. Dersom det mangla nokre kroner på kontoen vår ved betalingsfristen, vart automatane stengt på dagen. Samtidig visste eg at dei hadde ein heilt annan praksis over for dei store kommisjonærane. Der var spel på kreditt heilt vanleg, og det var selskapa klar over, seier Midtun til Bergens Tidende.

- Rikstoto-tilsett spelte sjølv

Både Midtun og Lerum, som var sjølvstendig kommisjonær før han vart tilsett hos Joker Hop, sa i retten at kredittspel framleis pågår.

— Eg veit at det er folk som spelar på kreditt i Bergen også i dag, seier Midtun.

— Eg kan spele på krita dersom eg ønskjer det. Dette blir stillteiande akseptert av selskapa, seier Lerum, som i retten også forklarte at ein sentralt tilsett hos Norsk Rikstoto sjølv spelte på krita hos Joker Hop.

Både Norsk Rikstoto og Norsk Tipping har alltid nekta for at dei har sett gjennom fingrane med slik ulovleg spel. Det gjorde dei også i tingretten i går.

Samtidig er det eit faktum at Thor Solheim var i fleire møte med leiinga i Rikstoto på grunn av gjeldsvanskane sine.

— Andre halvår 1999 vart det inngått ein nedbetalingsavtale mellom Solheim og Rikstoto, fordi han hadde hamna i milliongjeld på grunn av spel på krita. Speleterminalane på Joker Hop vart ikkje stengt av den grunn, seier advokat Erik Mjell, som forsvarer Solheim.

Ein million på fire veker

Heller ikkje då Bergens Tidende sommaren 2001 i fleire artiklar omtalte den ulovlege praksisen hos Joker Hop og dei hemmelege gjeldsavtalene med Norsk Rikstoto, vart terminalane stengt. Først fire veker etter at den første artikkelen stod på trykk var det kroken på døra. På desse fire vekene spelte Solheim på krita for over ein million kroner, ifølgje tiltalen.

— Dersom dei hadde stengt ned med ein gong, ville Norsk Rikstoto og Norsk Tipping fått eit mykje mindre tap. Men dei hadde eit ønske om å halde oppe omsetjinga. Begge partar var fullt klar over risikoen dei dermed gjekk inn på, seier advokat Mjell.

Dette støttar ekskommisjonær Midtun fullt ut:

— Norsk Tipping og Norsk Rikstoto sette Thor Solheim i ein umuleg situasjon. Dei ville gjort han ei stor teneste dersom dei hadde stengt terminalen hans straks dei fekk vite kva som foregjekk, seier Midtun.