— Forhandlingar med Hydro!

Det var svaret Ap-leiaren hadde då han i går var på valkampturné i Høyanger. Symptomatisk nok hang mørke skyer over industristaden, då Stoltenberg blei bedt om å svare på kva Ap vil gjere for å hindre nedbygging av aluminiumindustrien i Sogn og på Karmøy i Rogaland.

Ansvar på begge partar

— Staten har eit ansvar. Men det har også Hydro. Dei har henta fordelar frå Høyanger og Årdal i mange år. Hydro har eit samfunnsansvar overfor desse stadene, slo Stoltenberg fast.

Han viste til at han sjølv som statsråd midt på 90-talet forhandla i to år om vilkåra for utviding og heimfall for dei Hydro-eigde kraftverka Tyin og Fortun i Indre Sogn. Til slutt kom ein avtale på plass. Også då Hydro satsa på modernisering av Sunndalsøra, spelte staten ein viktig rolle.

— Det er fullt mogleg for ei regjering å setje seg ned med eit selskap for å diskutere rammevilkåra. Det har vore gjort mange gonger før.

Ville blitt lagt ned

På valkampmøtet i Høyanger kom Stoltenberg med flengjande kritikk av Høgres næringsminister, Ansgar Gabrielsen.

— Hadde han vore ordførar i Høyanger då bilfelgfabrikken Fundo såg ut til å gå dukken, ville det aldri vore noko felgfabrikk her i dag. Ansgar Gabrielsen ville sagt at verktøykassa var tom, og at det ikkje var noko å gjere. Men sidan Høyanger har ein så glimrande ordførar, blei fabrikken redda, sa Stoltenberg og hausta stor applaus. Ap-ordførar Kjartan Longva gjekk i bresjen for redningsaksjonen som enda med at Høyanger kommune gjekk inn på eigarsida. I dag går felgfabrikken med overskot, og utvidar no aktiviteten.

Men Stoltenberg fekk langt frå berre klappsalver. Billy Fredagsvik, profilert fagforeiningsleiar i kampen for å redde aluminiumverket, kritiserte partiet for ikkje å ha nokon industripolitikk.

Over 1000 arbeidsplassar

— Eg er rett og slett forbanna på stortingspolitikarane. Offentleg sektor er det einaste som blir omsnakka. Det er faktisk ikkje langt frå at Ap har vore dårlegast på industripolitikk dei siste åra, hevda Fredagsvik.

På gårsdagens møte kom det også fram at det i vår var eit møte mellom ein delegasjon frå Årdal og leiinga i partiet og LO. Her blei det drøfta kva som kan gjerast for å redde den kraftkrevjande aluminiumindustrien.

Innan utgangen av 2006 må produksjon som skjer med den gamle Søderbergteknologien koplast ut. Grunnen er at denne måten å lage aluminium på, ureinar for mykje. Hydro meiner det ikkje vil løne seg å modernisere dei gamle hallane, og har signalisert at dei vil kutte ut produksjonen. Over 1000 arbeidsplassar vil i så fall gå tapt i Høyanger og Årdal. Mange fryktar også at dette vil vere første steg mot fullstendig nedlegging.

OMVISING: Ordførar Kjartan Longva (th.) tok Ap-leiar og partikollega Jens Stoltenberg med på omvising i Høyanger sentrum i går ettermiddag. Her passerer dei arbeidarmonumentet, som mange fryktar skal bli eit monument over tidlegare tider.<br/>Foto: Terje Ulvedal