- Gratulerer med prisen! Korleis er det å vera geriatrisk sjukepleiar?

- Det er heilt topp! Eg har alltid vore glad i eldre folk. Å jobba med dei er særs givande. Det å kunna gjera dagen deira betre, det å kunne gjera ein forskjell, det gjer dagen min rik.

- Det er ikkje nett slik mange oppfattar kvardagen til ein sjukepleiar i media?

- Eg blir så lei av all sutringa over kor gale det er å arbeida i eldreomsorga, blant anna diskusjonen om det er «rett» at sjukepleiaren smør brødskiver. Mitt svar er ja! Det ligg ein snobbeskap i det å vera for god til den slags som eg ikkje likar.

Det er klart vi skal ha ei skikkeleg lønn og gode arbeidsforhold, det skulle berre mangla, men vi må slutta å snakka ned yrket vårt.

Eg blir rett og slett forbanna på regjeringa som vil knekkja den kulturelle spaserstokken.

Vi er griseheldige som er født i dette landet og på denne tida. Vi kan alle samla opp det som er gale og leggja det i ein haug, og fokusera på det. Men det er ein annan haug òg, den med det positive. Ein kan velja å fokusera på det.

Trivast ein ikkje i jobben, bør ein setja seg ned og tenkja over om ein kan gjera noko med forholda. Kan ein ikkje det, bør ein skifta jobb, så sant ein har høve til det. Problemet er at ofte følgjer nissen med på lasset. Då er det si eiga innstilling ein må sjå på.

Her kan du lesa meir om prisutdelinga.

- Du brenn for jobben din, men valde først å bli sjukepleiar som vaksen, og var ferdig 46 år gammal. Fekk du kallet?

- Nei, det var eit skot i blinde, som trefte. I femten år var eg postbod på Nordnes, før eg flytta til Lofthus og var landpostbod der. Når det vart trasige tider i Posten, tekte eg at eg fekk gjera noko anna. Så eg søkte på desentralisert sjukepleiarutdanning, og kom inn.

- Du leiar ei demensavdeling. Hugsar pasientane noko av det de gjer for dei?

- Dei fleste her kunne budd heime om dei ikkje hadde svikt i minnet. Dei har fått fysiske endringar i hjernen som gjer at dei hugsar dårleg og ikkje er orienterte om tid og stad. Det kan vera krevjande, og her gjeld Rema-slagordet: Det enklaste er ofte det beste. Enkelt språk og gjenkjenning, slik som til dømes fast plass ved bordet. Er det så viktig då, spør nokon? Og svaret er ja, dei fleste av oss har fast plass ved kjøkkenbordet heime. Endå viktigare er det for den som vaknar utan oversikt over situasjonen. Eldre folk skal og behandlast som folk. Vi er stolte av det arbeidet vi gjer, og veldig bevisste på å bruka så lite medisinar som mogleg.

Her kan du læra meir om kva demens er.

- Eg merkar at dei aller fleste her er kvinner. Er det meir demens blant damene?

- Nei, men vi lever mykje lenger enn dere mannfolk, ler Målfrid. Ho ler mykje, og er kjapp i replikken som den hardingen ho er.

- I samband med prisutdelinga blei ditt gode humør trekt fram?

- Humor er viktig, og eg er lukkelegvis lett til sinns. Vi må le litt både på jobben og i privatlivet kvar dag. Samstundes er eg utolmodig og gidd ikkje pjatt. Difor liker eg å vera arbeidande leiar; fire dagar i veka som sjukepleiar og éin dag på kontoret.

- Kva tenkjer du om den kulturelle spaserstokken?

- Det er fattigsleg av politikarane som ikkje ser seg råd til å bruka pengar på kulturtilbod til dei eldre. Dette er kultur for dei som ikkje kan gå på kino, teater eller anna. Dei burde vore her og sett kor lukkelege folk blir etter ei slik stund. Eg blir rett og slett forbanna på regjeringa som vil knekkja den kulturelle spaserstokken.

Her kan du lesa meir om Faggruppe for sykepleiere i geriatri og demens.

Kva tenkjer du om Målfrid Utne sine meiningar?