Hardangerbrua rundar sitt første driftsår utan at det er presentert trafikktal som overgår prognosen Stortinget la til grunn for sitt klarsignal for milliardprosjektet. Det uroar ikkje styreleiar og fylkespolitikar Einar Lutro i det heile.

- Prognosen er «tenk på eit tal», og var i dette høvet veldig ambisiøs. Me ser ikkje på trafikktala for Hardangerbrua som dårlege. Dei ligg trass alt 80 prosent over tala for ferja som gjekk over fjorden, seier Einar Lutro, hardingen som leiar aksjeselskapet som blei oppretta for å finansiera og realisera brua over Eidfjorden mellom kommunane Ulvik og Ullensvang. Selskapet er eigd av Hordaland fylkeskommune og kommunane Bergen, Kvam, Granvin, Voss, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord.

Med 150 kroner for personbil og 600 kroner for lastebil skal trafikantane finansiera 60 prosent av kostnaden på i alt 2,3 milliardar kroner for Nordens lengste hengebru. Dersom ikkje trafikken tek seg opp og blir større enn prognosen, vil bompengeperioden på 15 år måtta forlengjast, eventuelt må takstane aukast.

Einar Lutro meiner det er for tidleg å spekulera i endra bompengevilkår. Han trur på auka trafikk på brua i tida som kjem, også av tunge køyretøy.