— Om ikkje kommunen gjev seg, aktar vi å køyre ei rettssak. Når Coop får lov til å setje opp større, fleire og mykje meir prangande skilt på sitt bygg, er det heilt urimeleg at kommunen nektar oss våre. Dette finn vi oss ikkje i, seier styreleiar Magne Teigland.

Han viser til at Coop har fått løyve til å hengje opp fleire store skilt på deira bygg, ikkje berre det store skiltet med «coop extra» i gule skrift på raud brakgrunn. Biltema har halde skilta i ein blåfarge som går att i resten av nybygget.

— Vi har lagt opp til ei diskré skilting. Skiltstorleiken er tilpassa bygget. Sjølv om våre skilt er 10,70 meter lange, står dei på 80 meter lange fasadar. Vi har lyssett skilta bakfrå, noko som gjer at dei blir tona ned også i mørket.

I følgje Teigland høyrde ikkje Biltema eit einaste ord om at skilta deira var for store, før dei skulle til å hengje dei opp.

— Vi leverte inn arkitektteikna byggjeplanar der skilta var plasserte inn i same storleik som i dag. Kommunen godkjende planane, og vi trudde det inkluderte skilta. Først då vi hadde fått laga skilta og stod klare til å montere dei, kom kommunen med beskjed om at vi ikkje hadde søkt om å setje opp skilt, seier Teigland.