— Kor utbreidd meiner ein at seksuelt misbruk av mindreårige er i Norge?

- Vi veit at problemet er stort. NOVA (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) gjorde ei studie i 2007 der vel 7.000 avgangselevar i vidaregåande svara på spørsmål om dei nokon gong hadde vore utsett for alvorlege seksuelle overgrep. Her svara 15 prosent av jentene og 7 prosent av gutane bekreftande. Mørketala er store, og mange fortel aldri til nokon at dei har vore misbrukt. Dette gjeld særleg dersom overgriparen er ein som har stått dei nær.

— Kor godt verktøy er dommaravhøyr til å avdekkje overgrep mot små barn?

- Vi har brukt mykje ressursar i politiet dei siste åra på å auke kometansen, og eg trur det har vore ei betring. Men det er framleis mange barn som fortel til helsepersonell ting dei ikkje ville seie i avhøyr. No jobbar vi med å endre rammene for dommaravhøyr, slik at barnet får høve til å fortelje i meir enn eitt enkelt dommaravhøyr.

— BT har tidlegare skrive om at pedagogar i skule og barnehagar ofte vegrar seg for å melde frå om mistanke. Er det framles slik?

- Ja, for ofte er det slik. Men det har vore ei betring. Og sjølv om urettmessig mistanke er ei belastning å få mot seg, kan det ikkje vege opp mot verdien av å hjelpe dei barna som treng det aller mest.

— Kor kompetente er barnehagepersonell og pedagogar til å tolke barns åtferd i slike samanhengar?

- Det er vanskeleg å uttale seg om. Men det skal aldri vere farleg eller vanskeleg å sende ei uromelding. Meldar må slett ikkje vere sikker på at noko har skjedd før han varslar. Dette er det barnevern og politi som skal avklare. Sjølv om den mistenkte opplever det som djupt urettvist, må det vere låg terskel for å seie frå slik at saka kan bli undersøkt.

— Korleis bør foreldre snakke med barna sine om seksuelle overgrep?

- Det må tilpassast alder og modenheit. Sjølvsagt bør dei åtvare mot den velkjende lokkemannen, men også følgje med på og ha reglar for kva barna driv med på internett.

Kristin Kongevoll Fjell leiar for Statens Barnehus i Bergen.