- Dei har skifta sakshandsamar fleire gonger, og til saman brukt meir enn tre år på å kome fram til denne konklusjonen. Det er ikkje godt nok, seier ho.

Overraska

Oftedal legg ikkje skjul på at ho er overraska over utfallet.

- Eg tenkte at dersom informasjonen frå domstolen på Filippinane var positiv, måtte denne adopsjonen vere enkel å godkjenne for norske styremakter. Men at domstolen der nede går god for opplysningane vi har gitt, og seier det vil vere til beste for Dean Rich at ekteparet Nesse får adoptere, er tydelegvis ikkje nok.

- Departementet seier dei manglar opplysningar?

- Det kan eg heller ikkje forstå. Eg har sagt at dersom dei hadde spørsmål, måtte dei ta kontakt og vi skulle gjere vårt beste for å svare. Men eg har altså ikkje høyrt eit ord frå dei.

Bergens Tidende har fleire gonger teke kontakt både med Barne-, likestillings— og inkluderingsdepartementet og Bufdir for å få dei til å kommentere kritikken frå ekteparet i Gulen og deira advokat. Mellom spørsmåla vi ønskte å få svar på, og som blei sendt Bufdir, var om ikkje det at Wilma og Erling Nesse i praksis har vore gutens foreldre i ni år, er nok til å godkjenne adopsjonen. Innanfor dagens regelverk er det høve til å anerkjenne ein adopsjon dersom det er etablert eit langvarig tilknytingsforhold mellom barnet og søkjarane.

Sensitive opplysninger

Gjennom informasjonsavdelinga i departementet sende ekspedisjonssjef Oddbjørn Hauge i går dette svaret på e-post:

«Adopsjonssaker inneholder personsensitive opplysninger som er taushetsbelagte etter forvaltningsloven og vi kan derfor ikke uttale oss om slike enkeltsaker. Det er flere parter involvert i en adopsjonssak; barnet, biologiske foreldre og adoptivsøkerne. Selv om en av partene samtykker i at opplysningene gjøres kjent, er ikke dette tilstrekkelig til at vi kan uttale oss om saken.

Vi gjør også oppmerksom på at departementet ikke lenger er klageinstans i saker som gjelder søknad om adopsjon.

Med virkning fra 1. januar 2010 ble behandlingen av saker som gjelder anerkjennelse av utenlandsk adopsjon og adopsjon utenom godkjent adopsjonsorganisasjon delegert til Bufetat region øst med Bufdir som klageinstans.

Departementet fullførte likevel behandlingen av de sakene som var kommet inn til direktoratet før 31. desember 2009.»