Familien har no friteke Bergen Røde Kors sjukeheim frå teieplikta.

Elisabeth Bøthun, som leiar avdelinga der Karen Manum var innlagt, seier dei ikkje kjenner seg att i påstandane om at dei ikkje brukte tid på Manum.

- Vi brukte veldig mykje tid hos pasienten, fordi ho trengde det. Ho hadde mykje angst, seier ho.

Bøthun vedgår at dei hadde «utfordringar» med å handtere pustemaskina i byrjinga, men seier dei gjennom opplæring raskt vart betre.

- Når det gjeld norskkunnskap må vi vedgå at det er ei stor utfordring for sjukeheimen vår, og for helsesektoren generelt trur eg, seier ho.

I Karen Manums tilfelle seier Bøthun at dei prøvde å prioritere at norsktalande pleiarar hadde ansvaret for henne, men vedgår at det kunne vere vanskeleg å få til på nattevaktene i den perioden ho budde der.

- På nattetid er det ikkje alltid like lett å gjennomføre dette, fordi det då er færre på jobb, seier ho.