— Vi har gjennomført ein god del forbetringar her og der. Det er ikkje så mange tunge løft som før, og eg høyrer folk er meir nøgde, seier støyperiarbeidar ved Søral på Husnes, Per Helge Røssland til Bergens Tidende.

Hovudverneombod Per Magne Bringedal vedgår at det er ein god del ryggplager blant dei over 400 tilsette på Søral.

Tre spørjeundersøkingar og ei rekkje konkrete tiltak arbeidsmiljøet er gjennomført ved Sørals støyperi mellom 1998 og 2002.

— Det er kanskje for tidleg å måla resultat, men folk er blitt betre til å meistra problem på jobben. Dei er blitt flinkare med å koma til oss med problemstillingar, og har såleis auka evna til å førebyggja skader, meiner Sørals fysioterapeut Thoppil Varughese.

Tiltak som er sette i verk er utskifting av bord og stolar, plassering av utstyr og instrument meir ergonomisk korrekt, lettare av- og påstiging på køyretøy og fjerna kjelder til kald trekk.

— Eg har fått gode sålar i verneskoa for å minska plager i beina, og merkar betring. Søral har sett fokus på helse-, miljø- og tryggleiksarbeid, og det forpliktar. Blant anna er det eit ergonomiutval som får uttala seg når det blir kjøpt inn nye køyretøy og nytt utstyr, seier Per Helge Røssland, som er verneombod på sitt skift.

Prosjektet ved støyperiet blir no tilbydd andre avdelingar på Søral.

MINDRE LØFT: Per Helge Røssland og dei andre arbeidarane i Sørals støyperi har sett fokus på arbeidsmiljøet, og tek til å sjå resultat av tiltaka.<br/>Foto: OVE ARNE OLDERKJÆR