Då tyskaren Dominik Fehlker for eit par år sidan søkte jobb som overingeniør ved Universitetet i Bergen, lova far hans, Günther Fehlker, å kome syklande på besøk om han fekk jobben. I dag, etter 2400 km på sykkel, var løftet innfridd.

– Det har vore ein fantastisk tur gjennom Tyskland, Danmark og store delar av Noreg, seier Günther.

Ein månad på sykkel

Han starta sykkelturen i Müllheim i sør-vest Tyskland 16. Juni. På heile turen har han berre hatt tre sykkelfrie dagar.

Då Tyskland og Danmark var unnagjort, kom 65-åringen med båt frå Hirtshals til Larvik og vende nasen vestover.

– Du veit at det går båt direkte frå Danmark til Bergen?

– Ja, det er klart, men det ville jo vore for enkelt, seier den spreke pensjonisten.

For rask

I Noreg har turen gått via Gol, Rallarvegen, Voss, Vikefjell, Gaularfjell, Sunnfjord og Nordhordland før den enda i Bergen.

– Eg har sykla for fort. Flyreisa mi heim att er ikkje før om ein månad, ler Günther.

Men planen vidare er klar:

– Eg treng ein dusj. Så skal eg slappe av på besøk hos sonen min i to dagar, etter det tenkjer eg å sykle rundt Hardangerfjorden.

Vil tilbake

Günther er sikker på han vil kome tilbake til Noreg for å sykle.

– Ein får ei heilt ana oppleving enn med andre transportmiddel, og så har eg møtt så mange kjekke folk. Det einaste problemet er at eg til tider nesten ikkje kjem av flekken fordi eg heile tida må stoppe for å ta bilete, ler syklisten.

Sonen Dominik er nøgd med å få faren på besøk, og hentar han på Torgallmenningen før dei skal sykle saman til Apeltun der han bur.

– Det einaste som er litt pinleg, er jo at far min er i betre form enn det eg er.

EIN MÅNAD PÅ SYKKEL: - Eg har hatt fint vêr heilt til i dag, seier Günther. Den siste etappa av turen, frå Torgallmenningen til Apeltun, sykla han saman med sonen i høljeregn.
Maria Pile Svåsand