• Tide vurderer rutene kvar vår og haust for å halda tritt med trafikkbiletet, seier marknads- og informasjonssjef Kaare Enæs.

— Dette baserer seg på erfaringar som er gjort, mellom anna tilbakemelding frå sjåførane. Men visse ruter kan nok til visse tider verta travle. Trafikken gjennom døgnet og frå dag til dag varierer jo mykje.

Han påpeiker at Tide legg føreskriftene for kviletid til grunn for alle sine sjåførar, uavhengig av kor lange rutene deira er.

— I tillegg har me arbeidsmiljølova som rammeverk. Dessutan gjeld føreskrifta om arbeidstid for sjåførar og andre innanfor vegtransport sjølvsagt også våre tilsette.

Kvifor Sverre Solheim ikkje har fått gehør, veit ikkje Enæs noko om.

— I slike tilfelle må sjåførane gje tilbakemelding gjennom sine tillitsvalde eller leiarar, og desse skal sjølvsagt handsamast seriøst.

Tillitsvald for Tide sine sjåførar i Norsk Transportarbeiderforbund, Mons Tore Nakken, fortel det har vore ein auke i tilbakemeldingar frå sjåførar som slit med å halda rutene. Han meiner likevel hovudproblemet ikkje ligg i justering av rutene.

— Trafikkbiletet har endra seg dramatisk dei siste åra, og særskild no i samband med Bybanebygginga. Då er kollektivfelta i denne byen altfor dårlege. Rutene har følgd dei same tidene i mange år.