• Det smerter oss å måtte gå ut av marknaden når vi har det beste produktet i verda, seier Bill Mathieson, som representerer dei amerikanske eigarane av Odda Smelteverk.

60 av dei 70 tilsette ved Odda Smelteverk fekk permitteringsvarsel i går, og det blei ein tung dag både for dei tilsette og leiinga ved den tradisjonsrike smelteverket.

— Eg har vore flittig gjest i Odda dei siste vekene, og er imponert over kor godt leiinga, fagrørsla, dei tilsette og Odda-samfunnet samarbeider for å få til gode løysingar. Difor er det ekstra smertefullt å måtte fortelja trugne medarbeidarar at løysingane likevel ikkje er gode nok. Verksemda taper pengar, seier kanadiaren Bill Mathieson til Bergens Tidende. Han representerer den amerikanske eigaren av Odda Smelteverk, holdingselskapet Phillip Bros.

Store investeringar

Odda Smelteverk er verdsleiande på det kvite pulveret dicy, og den einaste som leverer rein nok vare til bruk i medisin mot diabetes 2.

— Korleis skal diabetikarane no få medisin?

— Våre tyske konkurrentar Degussa har eit produkt som ligg nær opp til vårt, og dei vil nok no legga seg i selen for å bli enda betre. Dessutan er eg overtydd om at kinesarane vil bli konkurransedyktige også på kvalitet, berre dei får litt tid på seg, seier Mathieson.

Sidan Phillip Bros overtok OS frå britiske eigarar i 1998, har dei investert 300 millionar kroner i smelteverket som sidan tidleg i sommar ikkje har smelta noko som helst. Og eigarane har ikkje teke ut ei einaste krone i utbyte. Alt har gått attende til verksemda. Eigarane har også lova at OS ikkje skal gå konkurs, men betala attende kvar einaste av dei 70 millionar kronene dei har i gjeld.

Dyr omstilling

Odda Smelteverk gjekk over frå å vera smelteverk til kjemisk industri då karbid- og cyanamid-produksjonen, med tradisjonar frå tidleg på 1900-talet vart nedlagt tidlegare i år. No skulle det satsast på dicy, eit kvitt pulver som er vidareforedla cyanamid, og cy50 (væske).

— Dicy var mest lovande, og satsinga kom her. Cy50-fabrikken har vi selt til tyske Degussa, og maskinene er no under demontering og transport til Tyskland, fortel den kombinerte bedriftsleiaren og fagforeiningsleiaren Trygve Bolstad til Bergens Tidende.

Når omstillinga no ikkje ser ut til å vera vellykka, er grunnen at produksjonskostnadane er for høge, og valutakursane ugunstige.

- Ikkje gitt opp

For å laga dicy trengst cyanamid og C02-gass. Cyanamid vert no importert med båt. Gassen lagar dei sjølve, ved å brenna kalkstein (tidlegare frå smelteomnane). Til brensel brukar dei olje og propan. Begge delar er blitt dyrare med auka oljepris. Dessutan oppnår ein ikkje akseptabel pris på biproduktet brent kalk.

Ugunstig valutakurs på dollar, yen og euro gir omsetnadsvanskar for produkta.

— Vi har ikkje gitt opp. Fem av dei som framleis skal vera i arbeid, er ein «task force» som skal pønska ut korleis vi kan skaffa oss billegare CO2, eller annan bruk av fabrikkområdet. I mellomtida vil vi prøva å halda på ein del av kundane ved å forhandla dicy produsert av andre, førebels i eitt år, seier Mathieson.

Bill Mathieson, representant for Phillip Bros.

TUNG DAG: 60 av dei 70 tilsette ved Odda Smelteverk fekk permitteringsvarsel i går, og det blei ein tung dag for kanadiaren Bill Mathieson, som representerer dei amerikanske eigarane. - Det er smertefullt å måtte fortelja trugne medarbeidarar at løysingane ikkje er gode nok, seier Mathieson.