• Hadde me fått raskare tilbakemelding om personskaden, ville me nok ha følgt betre opp.

Det seier Geir Aga, administrerande direktør i Tide Sjø AS.

Han hevdar det gjekk fleire veker før dei blei klare over at kvinna i bilen blei skadd i hengedekk-uhellet. Difor blei det ikkje sendt inn rapport til Sjøfartsdirektoratet.

— Me hadde kontakt med den aktuelle personen etter hendinga. Då var det ingen mistanke om personskade, seier Aga.

— Familien meiner dei burde fått hjelp med leigebil og at bilen deira skulle vore kondemnert.

— Det er vanlege forsikringsreglar som gjeld for ansvaret vårt i dette tilfellet.

**Les også:

Mor nakkeskadd då hengedekk raste ned**

— Kvinnheringen skriv at årsak til ulukka var slakk på ein vaier og ein låsekile som ikkje var skikkeleg på plass. Tide har ni ferjer med liknande hengedekk. Kan me vera trygge på at hengedekk ikkje fell ned?

— Det er årlege krav til tilsyn og klassifisering av fartya våre. Der følgjer me retningslinene frå Sjøfartsdirektoratet.

— Men når slike uhell skjer er det naturleg å sjå ekstra på dette, og me skal sjølvsagt bidra med kunnskap inn mot Direktoratet om dette.