Statsministeren kom til Sogn i ettermiddag for sjå og høyre på erfaringane etter orkanen som slo til 1. juledag. Ved Bjelde gard, i lia over Fjæarlandsvegen nokre kilometer frå Sogndal sentrum, fekk han høyre den dramatiske historia til Daniel Meisterplass, montør i Sognekraft.

Måtte gje seg

Meisterplass var ein av dei som juledagskvelden var ute og rydda. Like ved Sogndal oppdaga dei at flerie store grantre hadde falle over hovudlinja i området. Meisterplass-og ein kollega prøvde å rydede i granfeltet, men måtte gje seg då de diger gran dundra i bakken ein meter framfor bilen.

— Vi måtte berre gje oss- Det var for farleg, sa Meisterplass.

- Mykje fungerte

Statsministeren fekk også høyre korleis folk stilte opp til dugnad, og han la stor vekt på å takke alle dei som har lagt ned ein enorm innsats.

— Men vi skal også ta med oss at mykje trass alt fungerte i ein kritisk situasjon, sa Stoltenberg.

I skogen ved Bjelde gard fortalde også ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal om korleis dei takla vanskane då straumen gjekk.

— Men det verste var faktisk ikkje at lyset forsvant. Det vanskelegaste var at telenette låg nede. Det hadde vi kanskje ikkje trudd på førehand.

Telekrisa verst

Statsministeren understreka at det no er arbeid på gang for å byggje ut straumnettet. Han sa også at styremaktene no må vurdere strenagre krav til beredskap til leverandørar av teletenester.

No i ettermiddag møter Stoltenberg fylkesmenn, fylkesordførarar og ordførarar frå Hordaland, Sogn og Fjordnae og Møre og Romsdal for å høyre deira erfaringar med juleorkanen.

I SOGN: Statsminister Jens Stoltenberg kom torsdag til Sogn for å få informasjon om skadene etter «Dagmar».
ØYSTEIN TORHEIM