Den 35 år gamle mannen skal i 2004 ha truga med å sprengja legekontoret til fastlegen sin, og ha sagt at han ville knekkja bein og armar på han.

I september 2006 skal han også ha spytta og sparka mot ein politibetjent idet han blei ført bort frå bukollektivet der han budde.

I tillegg skal han vinteren 2005 ha sparka ein drosjesjåfør i hovudet i ein tunnel på veg til Nesttun, og sommaren 2005 skal han ha sparka og slått fleire gonger etter vakthavande lege ved legevakten i Bergen.

35-åringen skal vidare ved ni tilfelle i 2004 og 2005 ha truga eller opptredd aggressivt overfor miljøterapeutar i Os kommune. Ved eitt tilfelle i 2005 skal han blant anna ha sagt at han ville vri hovudet av ein miljøterapeut, og i 2004 skal han ha kalt ein tilsett ved sosialkontoret i Os for ein «inkompetent idiot» og ha sagt at vedkomande «faen meg måtte gjera jobben sin». Vidare skal han ha sagt «eg veit kvar du bur».

Han er i tillegg tiltalt for oppbevaring av tablettar, amfetamin, heroin og hasj, for å ha tatt ein stolen mobiltelefon, for å ha køyrt bil utan gyldig førarkort og for eit tilfelle av sykkeltjuveri.

Rettssaka skal opp i Nordhordland tingrett 4. februar, og det er sett av to dagar til saka.