For to år sidan tok Knut Osland namnet Gudergod. Han kjem til å behalde namnet, men ville neppe gjort det same i dag.

Før hadde Knut Osland logoen «Gud er god» på bilen sin. Ungdommane i nabolaget ga like godt leiaren av Bergen Bibelskole klengenamnet «Gudergod'en».

Då den nye personnamnlova vart innført i 2003, sendte Osland — inspirert av Espen Thoresen Hværsaagod - søknad til Folkeregisteret om å få ta Gudergod som mellomnamn. Han fekk ja - til si store overrasking!

— Espen Thoresen brukte den nye lova til å ta eit humoristisk namn. Mens eg ville formidle noko som er viktig for meg, fortel Knut Gudergod Osland.

— Eg tar fullt og heilt ansvar for det eg gjorde, men søknaden var spontan og ikkje særleg gjennomtenkt. Hadde eg visst om alle reaksjonane, hadde eg truleg ikkje gjort det.

Den liberale namnelova opna for at folk kunne ta det som namneforskar Ivar Utne i dagens BT-kronikk kallar grensesprengande namn.

Så langt har kring 200 nordmenn søkt om å få ta det som mange oppfattar som «tullenamn». Ikkje alle har fått ja, men namn som Kolaautomat, Eplet, Bånnski, Gudergod og Usjyldi er blitt godkjende.

Ukjende Knut Osland fekk kjendisstatus etter at det nye namnet vart kjend. Søk på namnet «gudergod» på internett, og du får over 10.000 treff.

— Aviser, både norske og svenske, radio, tv-stasjonar - eg hadde ikkje forventa så mykje oppstyr, seier Knut Gudergod Osland til BT.

Gudergod var ikkje meint som eit tullenamn frå Osland si side. Tvert imot var håpet at namnet kunne vere ein døropnar for samtalar med andre menneske om Gud og gudstru.

— Namnet Gudergod seier det eg mest av alt ønskjer å formidle. Sjølvsagt var det også litt humor i det, seier han.

Reaksjonane var mange. Ikkje alle var positive.

— Vener følte på mine vegner at eg dumma meg ut. Eg har jo ein jobbfunksjon der det er viktig å bli oppfatta seriøst, seier han.

www.gudergod.no

Knut Gudergod Osland var ein av dei første som utnytta sjansane i den nye lova. I dag tek «innovatøren» sjølv til orde for ei meir restriktiv lov.

— Innhaldet i mitt eige namn var seriøst meint, sjølv om uttrykket vart tullete. Men når folk kan ta namn som Kolaautomat, Bånnski og alt mogleg, synes eg det går vel langt, seier han til BT.

— Har du vurdert å søke om å kutte ut mellomnamnet ditt?

— Nei, eg kjem til å behalde namnet, men brukar det berre i visse samanhengar. Eg har også mi eiga nettside, www.gudergod.no.

Namneforskar Utne skriv i BT-kronikken at hans inntrykk er at den dristige namnemoten er i ferd med å gå over. Det same trur Knut Gudergod Osland.

— Og eg er glad for at ikkje mange unge har gjort som meg. Eg kjenner berre ei som tok nytt namn inspirert av meg - Liv Ingunn Halleluja Hagenberg på Karmøy.

HEITER GUDERGOD: Etter at ei ny, liberal namnelov vart innført i 2003, tok Knut Osland mellomnamnet Gudergod. To år seinare tek han sjølv til orde for ei meir restriktiv namnelov. - Når folk kan ta namn som Kolaautomat, Bånnski og alt mogleg, synes eg det går vel langt, seier han til BT.

EIRIK BREKKE (foto)

GUDERGOD: Etter at ei ny, liberal namnelov vart innført i 2003, tok Knut Osland mellomnamnet Gudergod. To år seinare tek han sjølv til orde for ei meir restriktiv namnelov.
Eirik Brekke