• Me ville aldri godteke å seia opp ein mann på grunnlag av ein mistanke, seier hovudverneombod Einar Ellingsen ved Hydro Aluminium Karmøy Fabrikker.

LENA VERMEDAL

Historia om Kenneth Johansen som fekk sparken ved Sør Norge Aluminium AS på Husnes, har vore diskusjonstema ved smelteverket i Nord-Rogaland.

Husnes-bedrifta skuldar Johansen for sabotasje fordi det blei funne ei vassflaske i ein smelteomn han hadde arbeidd ved.

— Hos oss er det slik at me ikkje skal ta med innkapsla væske, som til dømes vassflasker, inn i elektrolysehallen eller støyperiet. Innkapsla væske kan gje katastrofale følgjer og formidable eksplosjonar, seier Einar Ellingsen.

Ved fabrikken på Karmøy har dei funne flasker i produksjonslokala, men dei har aldri blitt knytt opp mot ein person.

Også ved Hydro Høyanger Metallverk er brusflasker og vassflasker ulovlege i elektrolysehall og støyperi.

— Det får alle innprenta under opplæringa. No har me gått over til vassautomatar ved kvileromma, fortel verneombod Rune Ytredal.

Ved smelteverket i Høyanger har dei ikkje hatt ei slik sak som på Husnes. Det er difor vanskeleg å seia kva straff vedkommande kunne fått.

— I første omgang ville me nok gitt ei muntleg åtvaring. Me ville nok ha reagert kraftig. Vatn i produksjonen er svært alvorleg, seier Ytredal.

Han minner om at ein person blei sagt opp ved smelteverket for nokre år sidan fordi han nekta å bruka hjelm.

Saka til Kenneth Johansen blei i går oversendt frå Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund til LO si juridiske avdeling.

— Me har hatt saka til vurdering. Det er ei sak med hald i. Difor har me sendt ho over til LO, seier Liv Undheim, nestleiar i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund.

Kenneth Johansen er klar til kamp.

— Eg føler meg forferdeleg dårleg handsama. Eg er nøydd til å kjempa. Eg har no litt stoltheit.